Anne E Skogen Anne Lise Grindheim Ffestival 2014 Heidi Dahlsveen

Det skjer

11. - 15. august 2016

Forteljefestivalen i Etne
Under Etnemarknaden

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Facebook lenk

Me støttar Forteljefestivalen

Variert forteljefestivalprogram

Brukarvurdering
DårlegBest 

Framside program Forteljefestivalen i Etne Programmet for forteljefestivalen er klart. Det blir forteljekurs, gjensyn med forteljingane om Erling Skakke og Kristin Kongsdotter, skuleframsyningar, løesoger, forteljestund for barn og forteljegudsteneste.

Forteljekurs del II: Dette skriv kurshaldar Heidi Dahlsveen:
I løpet av kurset arbeidar me oss inn ei ei forteljing, finn strukturen og byggjer han opp att for å gjera han klar for fomidling. Via ulike øvingar, metodar og opplegg skal deltakarane lausriva seg frå det å vera bunden til tekst. Deltakarane må sjølv ta med ei forteljing dei ynskjer å arbeida med. Forteljinga bør vera tradisjonell og på ca. 1,5-2 sider.

Kurs i historiske forteljingar: Dette skriv kurshaldar Torgrim Mellum Stene:
Når vi som forteljarar fortel eventyr og mytar og legender, ligg det ein struktur i botn som rettleiar oss gjennom historia. Men kva om me vil fortelja ei forteljing basert på ei historisk hending eller forløp? Kva skil forteljaren frå historieførelesaren og kva verkty og grep kan ein nytta for å tilnærma seg stoffet?
Kløverknekten/Torgrim Mellum Stene har lang erfaring med å jobba med historiske forteljingar og vil dela sine erfaringar via workshopen. Kurset er retta mot forteljarar, og alle deltakarane bør velja ei konkret historisk hending eller skikkelse på førehand, som dei har samla inn informasjon om.

For fleire kursdetaljar og påmeldingsinfo les her.

Les heile programmet her.

FaceBook

Bilder