Anne E Skogen Anne Lise Grindheim Ffestival 2014 Heidi Dahlsveen

Det skjer

11. - 15. august 2016

Forteljefestivalen i Etne
Under Etnemarknaden

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Facebook lenk

Me støttar Forteljefestivalen

Forteljefestival i Etne for 6. gong

Brukarvurdering
DårlegBest 
Helga startar med to skuleforestillingar. Støtte frå den kulturelle skulesekken har gjort det mulig for oss å tilby dei tre skulane i kommunen forteljingar. For dei minste fortel Anne Elisebeth Skogen om "Skumle loft og mørke kjellarar". For dei større kjem Heidi Dahlsveen og fortel frå den norrøne mytologien i "Ekko med variasjonar".

SnippSnappSnute-forteljestund for barn
For barn blir det også "Snipp snapp snute" på Fønix søndag med Marianne Stenerud.

Erling Skakke si Jorsalferd
Forteljinga om Erling Skakke si Jorsalferd var tingingsverk til festivalen i 2009. Grannar skreiv om framsyninga “I ei magisk nærast eventyrliknande ramme fekk ei mest fullsett Stødle kyrkje reisa tusen år tilbake i tid laurdag kveld. Utan effekter av noko slag, med berre meisterleg innleving, stemmeprakt og forteljarkunst utan sidestykke, tok Torgrim Mellum Stene publikum med på Erling Skakke si Jorsalaferd.”Fredag kveld fortel Torgrim Mellum Stene den igjen i Stødle kyrkja.

To typar fortekurs
Laurdag har me to ulike kurs på programmet. Dei som vil kan læra å laga historiske forteljingar av Torgrim Mellum Stene. Heidi Dahlsveen som har vore mange gonger før i Etne held kurs for dei som gjerne vil bli betre forteljarar. For detaljar og påmelding les her.

Kristin Kongsdotter
Laurdag kveld fortel Tone Bolstad Fløde sin fantastiske, lange forteljing om Kristin Kongsdotter. Forteljinga er bygd på Vera Henriksen si bok Stavkjerringa. Det blir Løesoger på Sæbøtunet der Steinar Aalvik sine gjester i år fortel om Byjenter på ferie i Etne i gamledagar. Forteljegudstenesta i Gjerde kyrkja er nytt av året. Per Hjemdal saman med 5 lokale forteljarar fortel oss gjennom gudstenesta som jo er ei stor forteljing. Begge kveldane er det Forteljekro på Fønix kl.21. Fredag har Tore Harboe lova å fortelja ei eventyrleg, men sann soge om når han som barn flytta til Etne i båt med heile familien, flyttelasset  og buskapen. Elles blir det open mikrofon og god tid til å vera sosial.

les heile programmet her.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon
Steinar Aalvik 4542598                          ansvar for Løesoger
Astrid Eidhammar Hjelmeland 97194788  ansvar for kurs
Marta Onstein 48095999                          leiar i gruppa

FaceBook

Bilder