Me støttar Forteljefestivalen

Forteljefestivalen 2009

FORTELEJFESTIVALEN I ETNE 6.-9. august saman med Etnemarknaden!

Festivalen  har som mål å presentera hsitorien vår på ein levande måte. Kom sjølv og ta med gjester! Alle har det travelt desse dagane, men tar du deg tid lovar me levande forteljingar som vil setja spor!

For barn er det tre forteljingar kvar dag med Sindre Titlestad Westgård og Marianne Stenerud i firmaet Tidsreiser frå Bergen. Der kan ein også vera med inn i Vikingtida på andre måter. Det blir mulighet for sverdkamp og øksekasting.  Kl .11 er det Verdens myter, kl 13 eventyrskattar og kvar dag kl 15 (17 søndag) fortel Sindre Titlestad om Barnekongen, Magnus frå Etne. Vel verd å få med seg for barn og vaksne. Forteljingane er i lavvo på leikeplassen mot Birkenes, og alt er gratis når ein har betalt seg inn på Marknaden.

Forteljekurset med Heidi Dahlsveen torsdag har 30 påmelde. Forteljekurset torsdag 6. august byrjar kl 11.00 og varer til 15.30. Det blir servert enkel lunsj. Kurset er på Enge skule. Kontaktperson for kurset er Astrid E. Hjelmeland - ta kontakt viss du vil vera med der: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. / mob. 97 19 47 88

Me har eit spanande tingingverk i Stødle kyrke laurdag kveld 8. august kl 19.00. Der vil Torgrim Mellum Stene gi liv til ”Gamle Gråen”, Erling Skakke som bygde kyrkja og elles hadde makt både lokalt og nasjonalt. Noko sympastisk persom var han truleg ikkje, men me gler oss likevel til å  få eit forteljemøte. Torgrim Mellum Stene er 30 år, leiar i Norsk Fortellerforum og har vore på forteljefestival i Etne før.

Fredag kveld kl. 20.00 er det Forteljekro i Båthuset der alle som vil kan delta som tilhøyrar eller forteljar. Det blir fokus på historier om folk. Steinar Aalvik innleier og bind saman, og det meste blir lov for å få fram gode historier. Etterpå spelar Togradergruppa til dans resten av kvelden. Kr 50 for Forteljekro, kr 200 for heile kvelden.

Søndag kl. 17.00 er det Løesoger på Sæbøtunet. Steinar Aalvik har i år fått med seg dei han var redd på skulebussen, Brødrene Bergsvåg. Dei lokale heltane Lars Olav, Dag og Arne auser ut skrøner, betraktningar og forteljingar frå eit langt og innhaldsrikt liv.

Torsdag kl. 18 og laurdag kl. 16 er det Forteljebusstur til Åkrafjorden. Einride Aakra fortel om alt ein ser frå bussen, Jorunn Grindheim og Ingvor Gundegjerde fortel segner. Og det blir ein kjenning frå Fjorden som kjem på undervegs. Turen kostar kr 100 og du må stilla i god tid for det er alltid fullt.

FaceBook

Bilder