Me støttar Forteljefestivalen

Forteljeslam i Etne

Forteljefestivalen i Etne var for fyrste gong arrangør av den regionale konkurransen av forteljeslam på Fugl Fønix 19. mars. I tillegg til Etne vil det før finalen i Oslo i juni, vera konkurransar i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tønsberg og Hamar.
Leiar i Norsk Fortellerforum, Torgrim Mellum Stene, er stornøgd med at ein i år har regionale konkurransar på sju ulike stader i landet.

Anne Elisebeth Skogen frå Sand gjekk vidare til nasjonal konkurranse i storyslam på Fugl Fønix i Etne. Den nasjonale konkurransen vert i Oslo i juni.
Dette er tredje gongen Skogen går vidare til den nasjonale konkurransen i Storyslam. Det var i alt fire forteljarar som deltok i konkurransen i Etne på fredag. Ein deltakar frå Etne, og ei frå Sand og to deltakarar frå Haugesund.
Konkurransen vart skipa av Norsk Fortellerforum i samarbeid med Forteljefestivalen i Etne og Fugl Fønix Hotel.


FaceBook

Bilder