Me støttar Forteljefestivalen

Forteljefestivalen takkar for denne gong!

Forteljefestivalen i Etne vil takka alle deltakarar og publikum som stilte opp på årets festival!
Det vart ein festival med både skjemt og alvor, og i år fekk me for fyrste gong improvisert forteljing med
Torgrim Mellum Stene og musikar Morten Minothi Kristiansen. Festivalen vart runda av med flotte
kvinnehistorier i Stødlekyrkja under gudstenesta i dag.
Me gler oss til å laga ny festival - helsing Festivalleiinga!

Tone Idun Bolstad foto Astrid Eidhammer Hjelmeland

Tone Idun Bolstad imponerte også i år med eit heilt nytt bestillingsverk med røter i historia til Etne.
I år var det Åsa den ljose publikum vart betre kjend med!

Kari Bolette Lundal foto Astrid Eidhammer Hjelmeland Kari Bolette Lundal foto Astrid Eidhammer Hjelmeland

Kari Bolette Lundal hadde forteljestund for born i Biblioteket laurdag.
Fredag turnerte ho rundt med forteljing i barnehagane i Skånevik og Etne. Les kva Karmsund Avis skriv om ho her.

Arne Torget og Steinar Aalvik foto Astrid Eidhammer Hjelmeland

Stuntpoet Arne Torget frå Kvinnherad vitja Forteljefestivalen i Etne i år.
Her saman med vår eigen forteljar Steinar Aalvik.

Klare for forteljefbusstur foto Astrid Eidhammer Hjelmeland

Jorunn Grindheim, Ingvor Gundegjerde, Marta Onstein og Eindride Aakra
fortalde lokale segner for ein fullasta buss rundt Litledalsvatnet laurdag.

FaceBook

Bilder