Glimt frå forteljefestivalen 2013
- Detaljar
- Oppretta torsdag, 18. april 2013 16:39
- Skrive av Astrid Eidhammer Hjelmeland
Årest forteljefestival er vel i hamn. Og publkum som tok turen til dei ulike forteljeøktene fredag og laurdag fekk med seg mange flotte forteljestunder. Me vil takka både fortelljarar som har teke turen til Etne og publikum som trufast stiller opp. Velkomne tilbake neste år! Heidi Dahlsveen runda i år av årets forteljefestival i Etne med forteljinga om Yrsa ble hun kalt - en fortelling du ikke kjenner til. Ei fengslande forteljing formidla av ei fengslande Heidi om sterke kvinner. Sjå utdrag frå forteljinga om Yrsa via YouTube her.
Liv Marie Austrem tok publikum med tilbake i tid og gav oss publikum ei gripande historie om mormora Ingeborg som vart född i små kår i Elverum kommune i 1884. Ho var syerske, tenestejente og åleinemor i sju år før ho gifta seg med ein skogsarbeidar. Da stemmerettenfor kvinner vart innført, gjekk ho stolt til urna og røysta.
Forteljinga om Ingeborg er henta frå boka Formødrenes stemmer, som kom ut tidlegare i år.
Anne Elisebeth Skogen sto for årets framsyning i Stødle kyrkje. Saman med fiolinist Mark Laurenson gav ho oss innblikk i bakgrunnen for at over femti vaksne og barn forlot heimlandet. Publkum fekk følgja dei på den spektakulære Atlanterhavsreisa, ankomsten til New York, opphaldet der og reisa vidare nordover på Huson River og til slutt vesterover med kanalbåt til Kendal ved Ontariosjøen. Det var gjennom Hell Gate det første norske utvandrarfølgje til Amerika kom seglande i 1825, dei som hadde forlatt Stavanger tre månader tidlegare.
Heidi Dahlsveen i aksjon med forteljinga om Grimme Rødhette for litt eldre barn og vaksne. Ikkje tru på alt du høyrer - oppmodar Dahlsveen.
Annelise Grindheim fortalde både for elevar på småskuletrinnet på Enge, Rygg og Skånevik og på SnippSnappSnute - forteljestund for barn laurdagen på Etne Bibliotek. Ei fartsfull forteljeøkt som handla om då den vesle grisen og reven møtte myggen.
Maritha Nielsen fortalde ei sann historie frå Orknøyane om ei kvinne som vart skulda for å vera heks, som engasjerte elevane på mellomsteget på Enge og Skånevik skule stort.
Johanne Øvstebø Tvedten fortalde i år forteljinga om prestedottera frå Stord, som er basert på romanen Djup Jord av Jens Tvedt. Med seg hadde ho fylkesmusikar Einar Mjølsnes, og saman gav dei publikum ei flott oppleving.
I år var det Magnhild Meltveit Kleppa, stortingsrepresentant, tidlegare samferdselsminister og påtroppande Fylkesmann i Rogaland, som sto for opninga av Forteljefestivalen i Etne. Dette i samband med Etne kommune si markering av at det er 100 år sidan kvinnene fekk stemmeret i Noreg. Kleppa gav publikum eit historisk tilbakeblikk og delte friskt av eigen erfaring som ung politikar.