Me støttar Forteljefestivalen

Ein festival vert til

Etnebygda har vore arena for ein viktig del av den nasjonale historia. Det er ei oppgåve og utfordring å løfta fram dei mange forteljingane som kan kasta lys over hendingar og menneske.
Folk har gjennom forteljefestivalen dei siste åra fått høve til å bli betre kjende med historiske personar som Kong Magnus, Kristin Sigurdsdotter, Erling Ormsson Skakke og Øystein Erlendsson.

Visjon

Fram mot år 2000 arbeidde alle kommunar med korleis ein skulle presentera seg. I Etne kommune hadde eldsjel og kulturmann Knut Molnes ein visjon om å la munnleg forteljing bli vår måte. Han hadde møtt forteljekunsten gjennom Tone Bolstad Fløde og var ein god forteljar sjølv. Etne Sogelag og kommunen gjekk saman om å starta ein forteljefestival. Eit forteljerom på Stødle vart og planlagd. Dessutan fekk ein inn i kommuneplanen at forteljing skulle vera vår måte å presentera historia vår på.

 

FaceBook

Bilder