To forteljekurs laurdag 11. september 2010
- Detaljar
- Oppretta onsdag, 02. juni 2010 18:06
- Skrive av Astrid Eidhammer Hjelmeland
Bindande påmelding snarast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
og ved innbetaling av kr 650,- til kontonummer: 3543.13.67511
Heidi Dahlsveen held kurs i forteljing del II
Enge skule
Pris kr 650,- inkl. lunsj
kl 10.00 - 15.00
I løpet av kurset arbeidar me oss inn ei ei forteljing, finn strukturen og byggjer han opp att for å gjera han klar for fomidling. Via ulike øvingar, metodar og opplegg skal deltakarane lausriva seg frå det å vera bunden til tekst.
Deltakarane må sjølv ta med ei forteljing dei ynskjer å arbeida med. Forteljinga bør vera tradisjonell og på ca. 1,5-2 sider.
sjå Heidi Dahlsveen si heimeside og blogg
Torgrim Mellum Stene held kurs i historisk forteljing
Enge skule
Pris kr 650,- inkl. lunsj
kl 10.00 - 15.00
Historiske forteljingar
Når vi som forteljarar fortel eventyr og mytar og legender, ligg det ein struktur i botn som rettleiar oss gjennom historia. Men kva om me vil fortelja ei forteljing basert på ei historisk hending eller forløp? Kva skil forteljaren frå historieførelesaren og kva verkty og grep kan ein nytta for å tilnærma seg stoffet?
Kløverknekten/Torgrim Mellum Stene har lang erfaring med å jobba med historiske forteljingar og vil dela sine erfaringar via workshopen. Kurset er retta mot forteljarar, og alle deltakarane bør velja ei konkret historisk hending eller skikkelse på førehand, som dei har samla inn informasjon om.
Kurstilbod
- Detaljar
- Oppretta tysdag, 11. mai 2010 17:46
- Skrive av Astrid Eidhammer Hjelmeland
På Forteljefestivalen i 2009 heldt Heidi Dahlsveen kurs i forteljing. Det var rundt 40 som deltok på kurset.