Me støttar Forteljefestivalen

To forteljekurs laurdag 11. september 2010

Kursa er opne for alle uavhengig bakgrunn.
Bindande påmelding snarast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
og ved innbetaling av kr 650,- til kontonummer: 3543.13.67511

Heidi Dahlsveen foto:  Astrid E. Hjelmeland

Heidi Dahlsveen held kurs i forteljing del II
Enge skule                                      
Pris kr 650,- inkl. lunsj
kl 10.00 - 15.00

I løpet av kurset arbeidar me oss inn ei ei forteljing, finn strukturen og byggjer han opp att for å gjera han klar for fomidling. Via ulike øvingar, metodar og opplegg skal deltakarane lausriva seg frå det å vera bunden til tekst.

Deltakarane må sjølv ta med ei forteljing dei ynskjer å arbeida med. Forteljinga bør vera tradisjonell og på ca. 1,5-2 sider.
sjå Heidi Dahlsveen si heimeside og blogg

 

Torgrim Mellum Stene foto: Astrid E. HjelmelandTorgrim Mellum Stene held kurs i historisk forteljing
Enge skule                                      
Pris kr 650,- inkl. lunsj
kl 10.00 - 15.00

Historiske forteljingar
Når vi som forteljarar fortel eventyr og mytar og legender, ligg det ein struktur i botn som rettleiar oss gjennom historia. Men kva om me vil fortelja ei forteljing basert på ei historisk hending eller forløp? Kva skil forteljaren frå historieførelesaren og kva verkty og grep kan ein nytta for å tilnærma seg stoffet?
Kløverknekten/Torgrim Mellum Stene har lang erfaring med å jobba med historiske forteljingar og vil dela sine erfaringar via workshopen. Kurset er retta mot forteljarar, og alle deltakarane bør velja ei konkret historisk hending eller skikkelse på førehand, som dei har samla inn informasjon om.

sjå omtale og blogg

 

 

 

 

FaceBook

Bilder