Me støttar Forteljefestivalen

Program forteljefestivalen 2010

Framside program forteljefestivalen 2010

Fredag 10. september                                          

kl 09.00 - 10.30 Enge skule + 11.35 Skånevik skule + 13.30 Rygg skule

4 x Skuleframsyning  1. - 4. klasse

Mørke loft og skumle kjellarar med Anne Elisebeth Skogen

kl 09.00 - 10.30 Enge skule + 11.35 Skånevik skule

3 x Skuleframsyning 5. - 7. klasse

Ekko med variasjonar med Heidi Dahlsveen; elevane vil via forteljinga og etterarbeid blir kjende med og fornyar sin kunnskap om Norrøn mytologi.

kl 19.00

Erling Skakke si Jorsalferd med Torgrim Mellum Stene

Grannar skriv om framsyninga: “I ei magisk nærast eventyrliknande ramme fekk ei mest fullsett Stødle kyrkje reisa tusen år tilbake i tid laurdag kveld. Utan effekter av noko slag, med berre meisterleg innleving, stemmeprakt og forteljarkunst utan sidestykke, tok Torgrim Mellum Stene frå Norsk forteljarforum publikum med på Erling Skakke si Jorsalaferd.”

Stødle kyrkje
Pris: kr 100,-
Skysstilbod til eldre og andre som treng assistanse og transport: ring Marta Onstein på mob. 480 95 999

kl 21.00
Forteljekro på Fugl Fønix

Inngang: Fri

Laurdag 11. september

kl 10.00 - 15.00
Kurs i historisk forteljing med Torgrim Mellum Stene
Kursdetaljar finn du her.

Enge skule                                      
Pris kr 650,- inkl. lunsj

kl 10.00 - 15.00
Forteljekurs del II med Heidi Dahlsveen
Kursdetaljar finn du her.

Enge skule
Pris kr 650,- inkl. lunsj

Kursa er opne for alle uavhengig bakgrunn.
Bindande påmelding innan 03.09.2010 til (Ny dato!)
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
og ved innbetaling av kr 650,- til kontonummer: 3543.13.67511

kl 17.00
Kristin Kongsdotter med Tone Bolstad Fløde

Stødle kyrkje
Inngang: kr 100,-
Skysstilbod til eldre og andre som treng assistanse og transport: ring Marta Onstein på mob. 480 95 999

kl 21.00

Forteljekro på Fugl Fønix hotell

Inngang: fri

Søndag 12.september

kl 10.00
Forteljelunsj på Fugl Fønix hotell

kl 12.00
SnippSnappSnute - forteljestund for barn

med Marianne Stenerud
Fugl Fønix Hotell
Pris: 50,- Familiepris:100,-

kl: 14.00
Løesoger på Sæbøtunet

Byjenter på ferie i Etne i gamledagar

I si tid var det vanleg at bønder avstod frå eit rom eller to i husa sine om sommaren, og leigde desse ut til ferierande byfolk. Det er sjølvsakt mangt som kan seiast om dette. Som representant for arten byfolk har me med Sigrun Eriksen Selvik. Ho er bergenser med sterk tilknyting til Etne, og kjend for å kunna snakka. For balansen sin del har me med ein gardbrukarson frå Sørstranda. Han heiter Halvdan Tesdal og har erfaring med losjerande byfolk. Bur idag på Stord, der han arbeider med andre folk sine tenner.

Pris: kr 50,-
Skysstilbod til eldre og andre som treng assistanse og transport: ring Marta Onstein på mob. 480 95 999

kl 16.00
Forteljegudsteneste i Gjerde kyrkje

med Sokneprest Per Hjemdal, Tore Harboe, Jorunn Grindheim, Siri Eikemo, Marta Onstein og fleire.

OVERNATTING:

Hotell Fugl Fønix tilbyr overnattingspakke under forteljefestivalen:
Kr 495,- per person i twin/dobbelrom inkl. frukost.
Kr 795,- for enkeltrom inkl. frukost.
www.fuglfonix.no

FaceBook

Bilder