Me støttar Forteljefestivalen

Program 12.-13. april 2013

Program Forteljefestivalen i Etne 2013

 

Forteljefestivalen startar også i år med gode forteljingar for alle skule og barnehageborn i Etne kommune i veka før Forteljefestivalen.

Barnehage: Jorunn Grindheim og Åshild Gundegjerde
1.-3. klasse Annelise Grindheim
4.-6. klasse Maritha Nielsen
7.-8. klasse Forteljegruppa frå Kulturskulen i Suldal
9.-10. klasse Anne Elisebeth Skogen

Fredag 12. april

kl 16.00 Lokale kvinneforteljingar

på Bustadskipinga
Jorunn Grindheim, Marta Onstein, Steinar Aalvik og Åshild Gundegjerde fortel lokale kvinneforteljingar.

kl 17.00: Feiring av 100 år med allmenn stemmerett

Etne kommune innbyr til feiring

- Magnhild Meltveit Kleppa
- Ordførar Sigve Sørheim

Kaffi og kake i foajeen etterpå

kl 19.00: Djup jord av Jens Tvedt

Multimediesalen, Skakke
Forteljing: Johanne Øvstebø Tvedten
Musikk: Fylkesmusikarane Reidun Horvei (song) og Einar Mjølsnes (fele).

Djup jord, er basert på romanen av Jens Tvedt, om prestedottera på Stord som forelska seg i ein gardsdreng, men vart oppdaga av mora. Drengen vart sendt bort, det vart jenta også, fordi ho var gravid. Soga byggjer på ei sann historie frå 1830-åra. Den fortel om korleis det var å vere kvinne før. Kr 200,-

kl 21.00: To ganske fornøyde karer

Forteljekro i Galleriet på Skakke
m/ Knut Molnes og Håvard Goa
Litt om menn og damer - og sånn.

Knut og Håvard vil på ein humoristisk, enkel og musikalsk måte sjå på utfor-dringar og gleder som oppstår når to frå dei motsette kjønn treffest. 
Kr 100,-

Laurdag 13. april

kl 12.00: SnippSnappSnute
Biblioteket
Forteljing for barn
m/ Annelise Grindheim
Kr 50,-

kl 13.00 Grimme Rødhette
Biblioteket
m/ Heidi Dahlsveen
Veit du eigentleg kven vesle Raudhette er? Alle kjenner ho, og ho har blitt ein del av barneoppdraginga vår. Forteljeframsyninga til Heidi gir deg ei av mange sanningar om Raudhette. Ei framsyning som viser deg korleis historier kan miforstås og mistolkast, forvrengast og forvandlast til ho blir ståande som den “einaste sanninga”. Ikkje tru på alt du høyrer. For barn over 10 år og vaksne.
Kr 50,-

kl 14.00 Forteljebusstur til Frette
Frå Skakkesenteret
Sigve Fitje sjåfør, Einride Aakra,
Ingvor Gundegjerde og Jorunn Grindheim.
Kr 200,-

kl 17.00 Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Land
Stødle kyrkja
Anne Elisebeth Skogen forteljing og
Mark Laurenson fele
Kr 200,-

kl 19.00: Formødrenes stemmer
i Multimediesalen
m/ Liv Marie Austrem
Forteljinga handlar om mormor Ingeborg som vart född i små kår i Elverum kommune i 1884. Ho var syerske, tenestejente og åleinemor i sju år før ho gifta seg med ein skogsarbeidar. Da stemmeretten for kvinner vart innført, gjekk ho stolt til urna og røysta.
Liv Marie Austrem har skrive mange bøker i ulike sjangrar. Ho har fått Brageprisen to gonger saman med illustratøren Akin Düzakin.
Kr 100,-

kl 21.00 Yrsa ble hun kalt
– en historie du ikke kjenner til
Forteljekro på Galleriet, Skakke
m/ Heidi Dahlsveen.
Ho var ein gjetar, ei dronning og sin far si dotter og kone. Dette er berre ei av dei mange kvinnene som berre står fram som bisetningar i sagaene.
Passar for ungdom og voksne.
Kr 100,-

FaceBook

Bilder