Me støttar Forteljefestivalen

Program 2014 Forteljefestival og kyrkjejubileum

Framside program 2014

Søndag 1. juni

Kl  11.00 Familiegudsteneste for alle i Stødle kyrkje

Utdeling av biblar til 5. klasse, kyrkjekaffi i prestegarden. Til denne familiegudstenesta er alle invitert, små og store! Særleg invitasjon går til 5.-klassingane, som får utdelt ein bibel på guds-tenesta! Etter gudstenesta, om vêret tillet, er heile kyrkjelyden velkommen i prestegards-hagen til kyrkjekaffi med sporløp, leik og god tid til prat. Ein is til kvar må vi også få til!

Kl 20.00 Konsert med Ole Paus i Etne kyrkje
Ole Paus er velkjent både frå mange plate-utgjevingar, konsertar og fjernsyn. Han har vore ein sentral del av norsk kultur- og musikkliv dei siste 40 åra. Sundag 1. juni held han konsert i Etne kyrkje, og vi tør love ei varm og nær oppleving med Paus åleine på scena.     Pris pr. bill.: kr 395,-                     (Billettsal www.etne-kulturhus.no)

Tysdag 3.juni

kl 18 Kulturskulekonsert i Stødle kyrkje. Gratis inngang.
kl 19.30 Kveldsseta på Etne Bibliotek
Egil Nysæter innleier om Halsnøy Kloster og Erling Skakke. (Det blir samtale om klosteret og Etnebygda.)
Bevertning.            
Inngong kr 100

Onsdag 4. juni
Kl 11.00 - 15.00: Seminar for leiarar og tillitsvalde i det lokale næringsliv.
Kyrkja ber ikkje berre på ein stor historisk arv i landet vårt, men har også opparbeid seg stor kompetanse innan kjerneområder som etikk, mellommenneskelege relasjoner og kriser. På denne bakgrunn ynskjer kyrkja i Etne og Skånevik velkommen til seminar der fokus er kva tru og verdisyn har å seie for arbeidslivet, samt innspel til refleksjon omkring nettopp verdiar i bedrifter og arbeidsliv.
Stad: Fugl Fønix hotell.         Pris kr 800,-
(Meir info på Kyrkjekontoret)

KL 12 og kl. 18:00 Litlesalen, Etne Kino
Skakke “En prest og en plage”. Ein film om Børre Knudsen og om å sloss for det ein trur på.

Torsdag  5. juni
KL 16.00  Eldretreff (60 +)
i Etne kyrkje prost Arne Øystese
Torsdag ettermiddag inviterer diakoninemda  alle som ser på seg sjølve som godt vaksne eller eldre, til eit hyggjeleg treff i Etne kyrkje. Prost Arne Øystese kjem og fortel gode historier frå oppvekst i unge år i Etne. I tillegg serverer vi gode kaker og velsmakande kyrkjekaffi!

 Kl. 20.00  Kyrkjekonsert v/ Solveig Sørheim og Håvard Skaadel
i Stødle kyrkje
Brorson 250 års minne.
Håvard Skaadel, kantor i Norheim kyrkje, og vår eigen organist Solveig Sørheim inviterer til salmekveld der Hans Adolf Brorsons tekstar står i sentrum. Brorson var biskop i Danmark og skreiv ei mengd salmetekstar. Diktinga hans har hatt stor innverknad i Noreg, og om det vitner m.a. dei over 300 religiøse folketonane som er bevarte til hans tekstar.Brorson vert presentert gjennom felles salme-song, gamle folketonar og musikk inspirert av tekstane hans.
Gratis inngong. Kollekt.

Fredag 6. juni
Kl 18.00-19.30
Show for alle barn med Jarle Waldemar
i Etne kyrkje
Jarle Waldemar står for ei heil verd av spennande trusopplæring. Han har laga ei lang rekke innhaldsrike DVD-ar, CD-ar, barnebiblar, bøker, apps og lydbøker. Han driv også nettsida Barnas Klubb.
Ofte reiser han rundt og presenterer historia om Jesus gjennom song, trylling og det han kallar «kreativ andakt». Kvart år møter Jarle Waldemar mange tusen barn på sine reiser, og no vil han gjerne møte alle barn i Etne!
Pris: Heilt gratis for alle barn frå 5 år og oppover

Fredag 6. juni
Kl 20.00  Johanne Øvstebø Tveten
i Stødle kyrkje.
Forteljing om kyrkja og kongemakta.
“Ei kyrkje for ei krune.” 
Det var borgarkrig i Norge. Kong Inge var død, men hadde ingen son. Etterkomarane etter kong Harald samla seg hærar og sloss mot kvarandre for kongsnamnet. Erling Skakke hadde ein son på 5 år, som hadde ei kongsdotter til mor. Kunne han bli ein samlande konge? Erkebiskop Øystein drøymde til og med om eit religiøst styresett og eit «Civitate Dei», eit Guds rike på jord. Då  måtte banda mellom kyrkja og kongen styr-kast. Ei ny kyrkje måtte byggjast på garden til Erling Skakke. Eit Augustiner-kloster på Halsnøy. Men opprørarane og motstandarane var mange...”

Billettsal www.etne-kulturhus.no og ved inngangen        
Bill kr 200,-  Student/Honnør kr 150,-

Laurdag 7. juni
Kl 14.00 Pilegrimsvandring
frå  Grindheim kyrkje til Stødle kyrkje.
Turen tar ca 3 timar. Den går over Grindheim og Rygg til Steine, over E134 og Etneelva, opp gjennom grustaket og over Sørheim til Stødle.Det blir forteljing undervegs.
Når følgjet kjem fram blir det servering av historisk mat på Stødlebrotet, rett ved kyrkja.Middag -Lammelår frå kokegrop- kostar kr 100,-. Det blir også sal av pølser i brød, kaker og kaffi. 

Kl 17.00-18.00 Kyrkjeklokkene ringjer inn pinsehøgtida.

Kl 18.00   Sagaen om Kristin, Tone Bolstad
i  Stødle kyrkje
Tone Bolstad fortel Sagaen om Kristin Kongsdotter.
Midt under kampane om kongemakta i 1100-talets Norden, levde ei kvinne som trass i tvangsgifte, voldtekt og fornedrelse ivaretok verdet sitt. Ho var med å endra historiens gang og blei delvis oversett av sagaskrivarane. Men bygdefolket i Etne likte ho og kjente ho som: Kristin Kongsdotter, til Sigurd Jorsalfare, mor til kong Magnus og kona til Erling Skakke.
Byggjer på romanen “Stavkjerringa” av Vera Henriksen.
Billettsal www.etne-kulturhus.no og ved inngangen  Bill kr 200,- Honnør/student kr 150,-

Søndag 8. juni 1. Pinsedag
Kl 11.00 Festgudsteneste ved prost Svein Arne Theodorsen og lokale prestar.
Festkyrkjekaffi på Stødlebrotet.
Festgudsteneste i Stødle kyrkje.
Den høgtidelige markeringa av jubileet blir den store festgudstenesta på pinsedag, sundag 8. juni. Prost Svein Arne Theodorsen
saman med dei lokale prestane står for guds-tenesta, og organist Solveig Sørheim er som vanlig musikalsk leiar.

Ottesong
tysdag-onsdag-torsdag fredag kl 7.30
I tråd med gamal skikk, vil det bli halde
morgonsong i Stødle kyrkje i jubileumsveka. Vel møtt til ein stille morgonstund med liturgisk song og ord til ettertanke.

Det kan bli fleire arrangement i jubileumsveka. Desse blir kunngjordei annonse i lokalavisa Grannar og på facebooksida vår.

FaceBook

Bilder