Me støttar Forteljefestivalen

Forteljefestivalprogram 6. - 9. august 2015

Torsdag 6. august  kl 20 
i Litlesalen på Skakke 

Sjukepleiar offshore. Olje- og gasshistorier
Anne Elisebeth Skogen, forteljar frå Sand
Kristin Sandvik Halgunset spelar okarin (meksikansk keramikkfløyte) og pikkolofløyte. 
I løpet av somaren 2014 gjorde Anne Elisebeth Skogen fleire intevju med Svanhild Rolfsen, sjukepleiar på Frigg-feltet og den første kvinna som blei tilsett i Nordsjøen. Saman med det innsamla stoffet brukte ho òg arkivstoff.  Dette resulterte i ei 40 minutters forteljar-førestilling der Kristin Sandvik Halgunset på keramikkfløyte og piccolofløyte vevde musikk inn i framføringa.
Ei sterk og rørande historie skriv Torkel Thime, Prosjektleiar, Norsk olje- og gassarkiv som først fekk forteljinga laga.
Mange som har nokon dei er glad i på arbeid i Nordsjøen vil kjenne seg igjen i det Anen Elisebeth fortel. 
Kr 100,-


Fredag 7. august. Start på kaien på Kyrping kl 17
Forteljebåttur


frå Kyrping til Åkra med ”Stein Viking”
I Åkra blir me møtt av Lars Eirik Tjelflot som viser oss bygda og kyrkja.
Turen blir arrangert i samarbeid med Åkrafjorden Oppleving.
Kr 200,-
 Billettsal via Skakke.no Max 49 stk


Laurdag 8. august, sentrum kl 16
Start frå rett utanfor inngongen til Etnemarknaden mot Etne 
Forteljebusstur

frå Etne via Stordalen til Skånevik og Stråndavegen tilbake til Etne.  

Lokale forteljingar undervegs.
Tor Fosse  Jorunn Grindheim Marta Onstein
Gjest: Siri Eikemo
Sjåfør Otto Håland
Kr 200,-
 Billettsal via Skakke.no Max 45 stk


Søndag 9. august kl 16
Løesoger på Sæbøtunet
“Fridtjov Urdal og Steinar Aalvik snakkar ting litt ned”
Kr 200,-
 Billettsal via Skakke.no. Max 60 stk.

 

FaceBook

Bilder